Dei beste sukkerfrie pepperkakene!

Har du lyst å bake sukkerfrie, sprø og kjempegode pepperkaker i år? Då har eg oppskrifta til deg!

Det er ingen ny oppskrift, for eg har delt den før – første gang i 2014. Eg har dog ikkje laga desse pepperkakene på 5 år, og fant ut at eg måtte kvalitetssikre oppskrifta i år, og har med det tatt både steg-for-steg bilder og nye hovedbilder 🙂 Og då er det klart at pepperkakene fortjener ein ny bloggpost! Sukkerfrie, og kan lagast både melkefrie og glutenfrie:

Du trenger, ca. 2 brett:
♦ 80 g ekte meierismør*
♦ 30 g Sukrinsirup gold (eller anna sirup)
♦ 40 g Sukrin gold og 25 g Sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 90 g sukker. Anbefaler ikkje vanlig sukrin)
♦ 1/2 ts bakepulver
♦ 3 toppa ts pepperkakekrydder
♦ 1 egg
♦ ca. 180 g sikta kveitemjøl eller speltmjøl*

Slik gjer du: 
1. Smelt sammen smør, sirup, sukrin gold og sukrin+ på svak varme i en kjele eller mikroen. La blandinga avkjøle seg litt.

2. Tilsett bakepulver, krydder og egg. Bland godt før du rører inn mjølet til ein fast deig. Sett i kjøleskapet noken timer, eller i frysaren i 20-30 minutt til den er kald.

3. Deretter kjevler du tynt ut deiga, stikker ut ønskede former og fordeler på 2 stekebrett med bakepapir. Steik eit og eit brett, midt i ovnen på 175 grader, over-undervarme. Pepperkakene skal bli godt gylne og må steike 8-12 minutt.

4. La pepperkakene stå litt på steikebrettet før du tar dei over på en rist og avkjøler. Pynt som du ønsker (eller dropp pynten) og oppbevar i ein kakeboks i kjøkkenskapet 🙂

*Må du ha melkefri pepperkaker? Bytt ut smør med melkefri margarin.

*Må du ha glutenfrie pepperkaker? Av tilbakemeldinger fra lesere har mange lykkast med å bruke lyst jyttemjøl og/eller lys, glutenfri mjølblanding. Dei blir dog ikkje like sprø.

Vil du ha sukkerfri melispynt så kan du blande Sukrinmelis med vatn til riktig konsistens, men det blir mykje bedre om du blander Sukrinmelisen med litt Sukrinsiup + smelta kokosolje + evt. bittelita vatn. Bedre smak, bedre konsistens 🙂 Eg har brukt Atkins nonstop som sukkerfritt alternativ til nonstop, men pynten er heilt valgfri!

Nyt en pepperkake eller fire! Eit supert alternativ til dei som vil/må ha eit sukkerfritt og sunnare alternativ, eventuelt allergivennlig alternativ no i jula 🙂

Og du – gi meg gjerne en tilbakemelding/tag meg i bilder om du tester oppskrifta♥ Ha en fin dag!

Write a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *