Søte, seige daddelkuler med sjokoladebiter

Altså! Eg får ikkje nok av slike søte, seige daddel- og nøttekuler eg♥ Det er SÅ godt, og eg lager støtt og stadig nye varianter. Idag må eg berre dele denne oppskrifta med sjokoladebiter i som gir litt ekstra smak og crunch. Du trenger kun 4 ingredienser, alle finner du på dagligvarebutikken og dei er superenkle å lage. Anbefalast!

SØTE, SEIGE DADDELKULER MED SJOKOLADEBITER, ca 35 stk:

  • 200 g saftige dadler – evt 250 g tørrare dadler 
  • 100 g valgfrie nøtter – eg brukte valnøtter og cashewnøtter 
  • 40 g grovhakka, valgfri sjokolade – eg brukte vanlig 70% mørk 
  • 1/2 ts maldonsalt 

Slik gjer du:
Bruker du usalta nøtter vil eg anbefale å rise desse gylne i ei tørr steikepanna først. Ha så  dadler, nøtter og salt i ein kraftig blender eller foodprosessor. Kjør til du får en klebrig og formbar masse, og kna inn sjokoladebitane til slutt.

Trill ut til to «pølser», skjær opp i biter og trill til kuler mellom hendene. Sett i frysaren minst eit par timer før servering.i Utover det kan du oppbevare kulene i frysar eller kjøleskap 🙂

Nyt en kule eller tre! Eit langt sunnare og meir næringsrikt alternativ som er fint å ha liggande når ein plutselig får besøk, har lyst på noke godt til kaffikoppen eller som tursnacks 🙂

Velbekomme og GOD HELG♥ 😀

 

Grov middagspai med laks & grønnsaker

Hei godtfolk!

Vi er halvveis i veka og idag har eg en kjempegod middagsoppskrift til dåkke: grov middagspai med laks (du kan sjølvsagt bruke ørret og)! Den grove bunnen er kjempeenkel å lage, og visst du vil kan du lage denne i forveien – enten timer eller dager før – og oppbevare den i kjøleskapet 🙂 Ellers er det berre å vispe sammen en eggeblanding og fylle i paibunnen sammen med laks, grønnsaker og ost. Veldig godt!

Grov paibunn
♦ 75 g smør, romtemperert
♦ 75 g original kesam (evt. rømme eller creme fraiche)
♦ 1,5 dl sikta speltmjøl eller kveitemjøl (evt. glutenfritt mjøl)
♦ 1,5 dl havremjøl
♦ 1/2 ts salt

Slik gjer du:
→ Ha alle ingrediensane i ein bolle, kna sammen til en jevn paideig med hendene.

→ Kjevle deiga ut deiga på kjøkkenbenken med litt mjøl. Snu paideigen og ha over litt ekstra mjøl på kjøkkenbenken så den ikkje setter seg fast.

→ Ha den kjevla deiga over i ein paiform (28cm). Trykk deiga jamnt ned i forma og oppover kantane. Skjær vekk det som henger over kanten (PS! Dette kaster man sjølvsagt ikkje. Eg legger det tilbake i paiformen, gjerne opp etter kantane).

→ Prikk deiga med ein gaffel og forsteik på 180 grader, over-undervarme i 15 minutt.

Paifyll med laks
♦ 6 store eller 8 små egg
♦ 1,5 dl melk eller fløyte
♦ 500 g laks eller ørret i terninger
♦ Valgfrie grønnsaker; eg har brukt asparges og rødløk
♦ Raspa ost
♦ Ca 1/2-1 ts salt og 1/3 ts pepper

Slik gjer du:
→ Legg laks og grønnsaker i den forsteke paibunnen. Visp så sammen egg, melk, salt og pepper og hell over.

→ Steik på 180 grader, over-undervarme i ca. 15 minutt. Ta på ost og steik vidare i 15-20 minutt, til eggeblandinga har satt seg og osten er godt smelta.

Server! Som tilbehør til paien anbefaler eg ein fargerik, smakfull salat, gjerne ein god dressing og nokon terninger med fetaost 🙂 Det er vertfall det vi alltid serverer til paien!

Og har du rester igjen, nyt som varm eller kald lunsj dagen etterpå, ha som restemiddag eller frys ned til ein seinare middag 🙂 

Velbekomme!

 

Gi ei av kokebøkene mine som julegave!

Kva gir du som julegave til «den som har alt»? Ei kokebok vell🤩 Litt inspirasjon i matveien kan absolutt alle ha nytte av♥ Her ser du mine to kokebøker som eg er såå stolt av, og lurer du på forskjellen eller kva av dei som passer best å gi, så kan du lese vidare ↓

“Opptur med sunn mat” kan du kjøpe HER
“Opptur med sunne middagar” kan du kjøpe HER

«Opptur med sunn mat» inneholder 80 oppskrifter på frukost, lunsj, middag og sukkerfri søtsaker. I tillegg deler eg gode tips til korleis komme i gang med kostholdsendringer, råd mot søtsug, korleis få meir motivasjon til å ete sunt, vekemenyer, basisvarer og andre tips og triks. Rett og slett ei bok med litt av alt♥

«Opptur med sunne middagar» er ei middagsbok med fokus på sunne, raske og enkle kvardagsmiddager. Her har eg delt boka inn i 8 smarte kapitler som blant anna: Middager på maks 20 minutt / Middager du kan klargjere kvelden før / Restemidddager / Middager med maks 6 ingredisenser… I denne boka har eg og eit større fokus på å planlegge godt, spare penger, unngå matsvinn og bruke opp matrestane, i tillegg til komplette vekemenyer med handleliste. Ei bok som er perfekt for dei som trenger litt ekstra inspirasjon til middagsmaten♥


Har du andre spørsmål til bøkene så er det berre å legge igjen ein kommentar, så svarer eg såklart på det! Kokebok er noke absolutt alle kan ha glede av, uansett om ein er glad i lage mat eller ikkje 🙂 Heilt tipp topp julegave spørr du meg vertfall!

 

Vekemeny 46/2021

Hei!

Åh, for ei deilig helg dette er! For første helg på lenge er det nokolunde vær med gløtt av sol, og det er sååå deilig 🙂 Men før eg tar fatt på (tur)dagen må eg jo komme med eit nytt forslag til vekemeny til dåkke! Håpe de finner ein eller fleire inspirerande oppskrifter til den kommande veka:

→ Alt-i-ett indisk gryte med poteter, kikerter & spinat
→ Superenkel brokkoligrateng med laks
→ Gulrotsuppe med steikt chorizo
→ Krema pastasalat med kylling & karri
→ Tunfiskpizza, med superbunn av tunfisk
→ Hjortekarbonader med stekt løk, potetbåter & kvitløkskrem
→ Eltefritt brød med havre, spelt og valnøtter
→ Eggemuffins – perfekt i matpakka
→ Energikuler med peanøttsmør & sjokoladebiter

MANDAG!
Alt-i-ett indisk gryte med poteter, kikerter & spinat, oppskrift her

*

TIRSDAG!
Superenkel brokkoligrateng med laks, oppskrift her

*

ONSDAG!
Gulrotsuppe med steikt chorizo, oppskrift her

*

TORSDAG!
Krema pastasalat med kylling & karri, oppskrift her

*

VEKAS HELGEMIDDAG (fredag/lørdag)!
Tunfiskpizza, med superbunn av tunfisk, oppskrift  her

*

SØNDAG!
Hjortekarbonader med stekt løk, potetbåter & kvitløkskrem, oppskrift her

IMG_0765

*

VEKAS BAKETIPS!
Eltefritt brød med havre, spelt og valnøtter, oppskrift her

*

VEKAS FRUKOST/LUNSJTIPS!
Eggemuffins – perfekt i matpakka, oppskrift her

*

VEKAS EKSTRA!
Energikuler med peanøttsmør & sjokoladebiter, oppskrift her

Ha en fin søndag alle sammen!

 

Søte havrescones med bær & valnøtter – perfekte turscones!

Heisann!

Det er fredag, det er helg og kanskje du har lyst til å lage noke ekstra godt til frukost, lunsj eller turmat desse dagane? Idag kjem det nemlig ein ny vri på mine søte havrescones som eg har delt i fleire varianter tidligare. Desse sconesa er berre fantastisk gode: søte, saftige og like gode både med og uten pålegg!

I denne varianten har eg brukt bringebær og valnøtter som smakstilsetning, men du kan sjølvsagt bruke akkurat det du ønsker. I arkivet har eg ulike varianter; nøytral, med brunostbiter, med sjokoladebiter og med kun bær. Ved å bake inn pålegget treng du ikkje ekstra pålegg, men, du kan såklart dele dei på tvers og ha pålegg på visst du vil det også 🙂

I oppskrifta bruker eg en moden banan, både for sødme, saftighet og smak. Så har du en brun banan i fruktkorga, så er den perfekt å bruke her! Men, du kan droppe banana, bruke 100 g ekstra kesam + litt ekstra søtning også 🙂

Du trenger, 8 biter:

♦ 1 moden banan
♦ 200 g original kesam (rømme, yoghurt eller creme fraiche kan og brukast)
♦ 1 dl valgfri melk
♦ 50 g valgfri søtning (eg brukte 25 g sukrin+)
♦ 1 ss bakepulver
♦ 50 g havregryn
♦ 100 havremjøl (du kan lage sjølv ved å finblende havregryn)
♦ 150 g sikta speltmjøl, kveitemjøl eller glutenfritt mjøl
♦ Bringebær og valnøtter

Framgangsmåte:

  1. Mos banana klumpfri med gaffel. Miks inn kesam, melk, søtning og bakepulver. 
  2. Tilsett havregryn og havremjøl, rør godt før du tilsetter mjølet. Vend godt til en jevn deig.
  3. Klapp deiga ut til en rund scone på bakepapir. Bruk litt mjøl på hendene. Skjær opp i 8 biter og trykk nedi bringebær og valnøtter.
  4. Steik på 180 grader i ca 20 minutt, til en gyllen farge. Avkjøl på rist.

Sconesa holder seg saftige og gode nokon dager, og kan fint frysast 🙂

God helg♥

 

10 sukkerfri kake/desserttips til farsdagen!

Heisann!

Det er farsdag på søndag, og visst du vil eller må diske opp med eit sukkerfritt alternativ, så har eg rett og slett leita fram noken favoritter fra arkivet♥ Visst det er noke anna du er på utkikk etter, så har eg hundrevis av oppskrifter i arkivet mitt på absolutt alt mulig 🙂 Sjå i kategorien “Sukkerfri søtsaker” og eventuelt dei ulike underkategoriene som kake, dessert, snacks, is, muffins, gjærbakst og oppskrifter uten helsekostprodukt 🙂

Her er oppskriftene eg foreslår i dagens innlegg:
→ Solskinnsboller
→ Sitronkake
→ Snickerskonfekt-kake
→ Suksessterte
→ Yoghurt panna cotta med jordbær
→ Banaoffee pai
→ Supersaftig sjokoladekake
→ Smuldrepai med eple
→ Ostekake med vanilje og lime
→ Tropisk aroma sjokoladekake

SOLSKINNSBOLLER♥

*

SITRONKAKE♥

*

SNICKERSKONFEKT-KAKE♥

*

SUKSESSTERTE♥

YOGHURT PANNA COTTA MED JORBDÆR♥

*
BANAOFFEE PAI♥

*

SUPERSAFTIG SJOKOLADEKAKE♥

*

SMULDREPAI MED EPLE♥

*

OSTEKAKE MED VANILJE OG LIME♥

*

TROPISK AROMA SJOKOLADEKAKE♥

Håpe du fant noke godt 🙂

 

Grove pestosnurrer med dobbel ost

Hei!

Gjærbakst til folket! Det har eg lært meg at dåkke digger i motsetning til meg, haha 😉 Men desse pestosnurrane her med fetaost og vanlig ost trur eg de kjem til å like! Lettvinte å lage (eg lover dåkke, denne deiga her er virkelig superenkel å jobbe med!), saftig resultat og snurrane passer like godt i matpakken som turmat, til middag eller tilbehør til suppe & salater♥

Du trenger, ca 30 stk
100 g smør
6 dl melk
1 pk tørrgjær
1 ts salt
1 ts sukker/honning
400 g havremjøl (eller anna grovt mjøl)
450-500 g sikta speltmjøl/kveitemjøl

200 g grønn pesto
200 g fetaost i blokk
400 g raspa ost
1 bunt vårløk
valgfritt krydder – eg brukte grovkverna chili og pepper

Slik gjer du:
1. Smelt smør, tilsett melk og varm blandinga til den er ca. 37 °C. Visp inn gjær, salt og sukker/honning.

2. Ha blandinga over i en eltemaskin og tilsett havremjøl, deretter litt og litt speltmjøl/kveitemjøl til en glatt og fin deig. Må du bruke litt meir mjøl, så gjer du det. La deiga elte i 5-10 minutt. Sett deiga til heving og hev til dobbel størrelse, ca. 1 time.

3. Del deiga i to og kjevle ut til to rektangel (lettare å håndtere enn ein kjempestor). Smør på pesto, ha over smuldra fetaost, hakka vårløk, raspa ost og krydder. 

4. Rull sammen langsida, skjær opp og plasser på to-tre steikebrett med bakepapir. Etterhev i ca 1 time før du steiker eit og eit brett midt i ovnen på 200 grader i 10-15 minutt, til dei er gylne. Avkjøl på rist. Snurrane kan fint frysast!


Noke lage denne veka? 🙂

 

Vekemeny 45/2021

Heisann! Då er vi straks i gang med ei ny veke igjen, og til den kommande veka foreslår eg desse oppskriftene:

→ Den beste grauten – byggrynsgraut
→ Laks med ovnsbakte grønnsaker og enkel, krema fiskesaus
→ Gratinert kyllingform med heimelaga, sukkerfri sweet chilisaus
→ Lettvint, heimelaga tomatsuppe
→ Sunn og enkel tacograteng
→ Hjortekarbonader med krema kantarell
→ Sprø og supergode knekkebrød med havre & valnøtter
→ Fluffy, saftige og sunne bananpannekaker
→ Sukkerfri, karamelliserte eplebiter

MANDAG!
Den beste grauten – byggrynsgraut, oppskrift her

*

TIRSDAG!
Laks med ovnsbakte grønnsaker og enkel, krema fiskesaus, oppskrift her

*

ONSDAG!
Gratinert kyllingform med heimelaga, sukkerfri sweet chilisaus, oppskrift her

IMG_4793

*

TORSDAG!
Lettvint, heimelaga tomatsuppe, oppskrift her

*

VEKAS HELGEMIDDAG (fredag/lørdag)!
Sunn og enkel tacograteng, oppskrift her

IMG_1146

*

SØNDAG!
Hjortekarbonader med krema kantarell, oppskrift her

IMG_2457

*

VEKAS BAKETIPS!
Sprø og supergode knekkebrød med havre & valnøtter, oppskrift her

*

VEKAS FRUKOST/LUNSJTIPS!
Fluffy, saftige og sunne bananpannekaker, oppskrift her

*

VEKAS EKSTRA!
Sukkerfri, karamelliserte eplebiter, oppskrift her

IMG_1514
 

Alt-i-ett pestokrema kyllinggryte med pasta

Heisann!

Idag titter eg innom med en ny oppskrift på alt-i-ett gryte til dåkke: en variant med kylling, masse grønnsaker, pasta og krema pestosaus! Denne var skikkelig smakfull og god, og det aller beste er at du lager den på maks 30 minutt fra start til slutt 🙂 Her har du alt i samme kjelen, og noko ekstra tilbehør til servering er ikkje nødvendig!

PS! Ikkje nødvendig å følge oppskrifta slavisk. Bytt gjerne kylling med laks eller skinke og bruk dei grønnsakene du har heime 🙂

Du trenger, ca. 4 personer:
♦ 750 g kyllingfilet, i biter
♦ 200 g valgfri pasta – eg bruker fullkornspasta
♦ 1 brokkoli, i buketter
♦ 3-4 gulrøtter, i terninger
♦ 1-2 paprika, grovhakka
♦ 50 g spinat
♦ 300 g (1 boks) creme fraiche
♦ 100 g grønn pesto
♦ 6 dl vatn + 2 terninger kyllingbuljong (eller 6 dl kyllingkraft)
♦ salt og pepper

Slik gjer du:
1. Steik kyllingen og sett til side.

2. Ha væske, creme fraiche, spinat, pasta, gulrot i en kjele. Kok opp og la det småkoke under lokk i ca. 10 minuter.

3. Ha deretter oppi pesto, den stekte kyllingfileten, brokkolibuketter og paprika. La det småkoke i nokon minutter. Spe på med meir væske om nødvendig (men den skal vere krema og fyldig, ikkje spe for mykje).

4. Smak til med salt og pepper før servering.

Enkelt, ikkje sant? Håpe den frister♥

 

Slik lager du verdens beste graut – byggrynsgraut!

Dei som har fulgt meg på instagram lenge veit nok at eg er skikkelig, skikkelig glad i byggrynsgraut. Det er etter mi meining verdens beste graut, og eg kjøper støtt og stadig Fjordland sin variant som eg berre varmer i mikroen… Fordi det er lettvint, sunt og godt (består kun av byggryn, melk og salt, så ikkje noke dårligare alternativ enn heimelaga variant) 🙂

MEN, det er og utrulig enkelt å lage byggrynsgraut sjølv! Du trenger nettopp kun byggryn, melk og salt – og det er perfekt å lage opp ein stor kjele når du først er i gang. Grauten er like god å ete kald eller varme opp igjen dagane etterpå 🙂

Byggryn er den kornsorten det dyrkast mest av i Norge, og er eit kjempegodt, veldig sunt og næringsrikt kornslag som er veldig anvendelig. Ved å bruke byggryn i graut så får du ein graut med mykje meir konsistens sammenligna med risgraut eller havregraut. Anbefalast virkelig å prøve 🙂

Du trenger, 4-6 porsjoner:
♦ 4 dl byggryn
♦ 2 liter melk, helst heilmelk
♦ 1 ts salt

Slik gjer du:
1. Legg gjerne byggryn i vatn kvelden før, eventuelt på morgonen om du skal lage grauten på ettermiddag/kveld.

2. Hell av vatnet og kok opp grauten med melk.

3. La grauten småkoke i 30-40 minutt, til ein fyldig krema konsistens. Hugs å røre innimellom.

Voila – server byggrynsgrauten i ei skål med valgfri topping♥

Ingenting i veien for å halvere eller eventuelt doble oppskrifta, alt etter kor mykje du vil lage!

For min del er det ingenting anna enn smør, sukker/sukrin og kanel som blir brukt på varm graut, men liker du frukt, bær, nøtter, nøttesmør etc. så er det heilt supert å bruke det og.

Håper du er inspirert og har lyst å lage heimelaga byggrynsgraut du også 🙂 Og visst ikkje, så er Fjordland sin knallgod og veldig lettvint. Ein storfavoritt hos meg vertfall!

 

Sukkerfri gresskarkake med sjokoladeglasur

Åh, eg har laga ei skikkelig saftig og god GRESSKARKAKE som er perfekt å lage visst du har gresskar i heimen♥ I kaka har eg brukt litt gode krydder for å få en litt sånn «krydderkake» smak, og som glasur har eg laga ein enkel sjokoladeglasur som var nydelig på smak!

Enten du har heile gresskar eller allerede har skjært ut gresskar, så kan du berre dele det på tvers, legge det opp-ned på eit steikebrett med bakepapir og bake det i ovnen på 200 grader til det er mørt. Deretter «graver» du det møre fruktkjøttet ut av skallet, moser med stavmikser, så har du verdens enklaste gresskarmos som du kan bruke i bakst, suppe, pannekaker, vafler, brød, scones eller denne kaka her 🙂

Til kaka, form på 20×30 cm:
250 g gresskarmos
2 store egg
2 dl melk
150 g valgfritt mjøl (eg brukte 100 g sammalt spelt og 50 g sikta spelt)
50 g sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 100 g sukker)
1 ts bakepulver
1 ts kanel, kardemomme og vaniljepulver/vaniljesukker
Eit godt dryss muskatnøtt og nellik

Glasur:
40 g smør
40 g mørk, sukkerfri sjokolade (eller vanlig mørk sjokolade)
15 g sukrin+ (eller 30 g anna søtning)
1 god ss kremost

Slik gjer du:
Rør sammen alle ingrediensane til kaka. Ha røra i en form med bakepapir, og steik på 200 grader, midt i ovnen i ca 30 minutt – eller til den er gjennomstekt. Avkjøl.

Smelt smør, mørk sjokolade og sukrin+ til det er varmt og flytande. Avkjøl i kjøleskapet og rør inn kremosten. Bre over kaka.

Så er det berre å nyte eit kakestykke eller tre😍 Eit sunnare og godt alternativ som smakte heilt nydelig!

TIPS: hokkaido gresskar eller flaskegresskar er defintivt dei beste på smak, men du kan sjølvsagt bruke Halloween-gresskaret også 🙂 Det har vertfall INGENTING i søppelet å gjere, fruktkjøttet er veldig anvendelig og fullt brukbart!

Håpe du vil prøve!

 

Vekemeny 44/2020

God søndag! 

Eg stiller so alltid med vekemeny idag, og den kommande veka foreslår eg desse oppskriftene:

→ Grov middagspai med søtpotet & mozzarella (søtpotet kan byttast med gresskar!)
→ Feta-pastasalat med kylling
→ Laks/ørret med bakte grønnsaker og kesam-pesto
→ Enkel, krema gresskarsuppe
→ Lompepizza med “argentinske reker”
→ Enkel hjortegryte
→ Sukkerfri, enkel gresskarkake
→ Eltefrie spelt- og havrerundstykke med chiafrø
→ Kvardagslig, digg epledessert

MANDAG!
Grov middagspai med søtpotet & mozzarella (søtpotet kan byttast med gresskar!), oppskrift her

*

TIRSDAG!
Feta-pastasalat med kylling, oppskrift her

*

ONSDAG!
Laks/ørret med bakte grønnsaker og kesam-pesto, oppskrift her

*

TORSDAG!
Enkel, krema gresskarsuppe, oppskrift her

*

VEKAS HELGEMIDDAG (fredag/lørdag)!
Lompepizza med “argentinske reker”, oppskrift her

*

SØNDAG!
Enkel hjortegryte, oppskrift her

*

VEKAS BAKETIPS!
Sukkerfri, enkel gresskarkake, oppskrift her

IMG_2034

*

VEKAS FRUKOST/LUNSJTIPS!
Eltefrie spelt- og havrerundstykke med chiafrø, oppskrift her

*

VEKAS EKSTRA!
Kvardagslig, digg epledessert, oppskrift her

Håper du fant noko godt!